kr 239
pH4 bevarer den gode og normale bakterieflora og gjev hud i balanse.
Dette er ei såpe som inneheld hudpleie i tillegg til vaskestoff. Derfor kan du vaska hendene og dusja så ofte du ønskjer utan å skada huda.
Såpa inneheld vaskestoff og glyserol som er feittløyselege ingrediensar og er dermed godt eigna til å fjerna søl og skit på hendene. I tillegg er det organiske syrer som gjer at såpa vert sur, pH 4. Dei organiske syrene legg til rette for den gode normalfloraen og gjer livet surt for problembakteriane (som ikkje trivst ved låg pH). Såpa er dermed med på å bevara huda si naturlege syrekappe og bakterieflora slik at ein vert meir motstandsdyktig mot infeksjon generelt.
Innhaldet av glyserol og alginat er med på å pleie huda.
Denne hudvasken kan du bruka til både handvask, dusjing, barbering, intimvask og fotbad. Mild og god hudvask til baby.
Ved tørr hud: Bruk gjerne hudpleie pluss i tillegg. Etter vask og ved behov (på dagtid).
Ved ekstra tørr hud: Bruk gjerne hudbalsam i tillegg. Smør deg godt inn kvar kveld og la det virka over natta.
pH 4 er viktig for å oppretthalda ei sunn og frisk hud, og for å forsterka huda sine eigne forsvarsmekanismar.
Nettoinnhold: 1000ml.
Vi har mange forskjellige produkter i vår nettbutikk, enten du leter etter hjelpemidler eller leker til ditt kjæledyr så finner du det hos oss.
Ta kontakt ved behov for hjelp
utenfor ordinære åpningstider.